Aktivisme: Amnestyaktivist fekk kvinnepris
- Å få denne prisen var svært overveldande og uventa. Eg trudde ikkje at aktivisme blei vurdert i samband med ein slik pris, fortel Lothe, som vart medlem av Amnesty etter TV-aksjonen i 1984.
- TV-aksjonen gav meg inspirasjon til å gjere det eg hadde tenkt på lenge: å starte ei amnestygruppe på Hareid.
Gruppa har sidan den gong arbeidd jamt for å fremje menneskerettane. For tida er dei involverte i fleire av dei store kampanjane.
Viktig med store samlingar
- I Amnesty-samanheng er det viktig at vi er synlege, men for å få til dette trengs det aktive og inspirerte medlemer, ikkje minst gruppemedlemer, seier Lothe.
Ho vil ha tilbake fleire av dei store samlingane, som til dømes strategimøtet, mykje fordi ein her får møte mange aktivistar.
- Dette er viktig, kanskje spesielt for medlemer i distrikta, både for å utveksle erfaringar og for å få påfyll til vidare aktivisme.
Når ho vert spurt om ei særskild minneverdig oppleving, nemner ho landsmøtet i Ålesund i 2002 då ho leia landsmøtekomiteen.
- Landsmøtet var svært inspirerande, både for meg sjølv og andre. Fleire kom til meg og sa at dei syntest det var fantastisk å møte og diskutere med så mange Amnesty-medlemer.
Gro Lothe blei omtala som «ein sann idealist og aktivist» da ho vart tildele Kvinneprisen 2008 for Ulstein og Hareid. © AI